Boktips

Mannen som ikke var morder

Mannensomikkevarmorder
ForfattarMichael Hjorth og Hans Rosenfeldt
Omtalt avJanne Colbjørnsen, Vang folkebibliotek
KategoriKrim og spenning

Dette er første bok i ein serie om kriminalpsykolog Sebastian Bergman og eit team ved Riksmordkommisjonen i Sverige. Så langt er det sju bøker i serien.

Etter ei personleg tragedie har Sebastian trukke seg tilbake og brukar tida si på å forføre kvinner. No er han i Västerås for å selje barndomsheimen etter mora sin død. Ein ung gut blir samtidig funnen drepen her og Riksmord blir kobla inn.

Tilfeldigheiter og ei eigeninteresse hjå Sebastian fører til at han etter kvart hjelper til i etterforskninga.

Sebastian er ikkje den du tilset for å betre arbeidsmiljøet. Han er vanskeleg å samarbeide med og gjer nett som han vil. Det er difor duka for misnøye og konfliktar i teamet. Men Sebastian er drivande dyktig i jobben sin og har den rette kompetansen.

Eg likar godt at boka har karakterar eg blir godt kjent med i tillegg til at ho er spennande. Å få vere med på teamet sine analysar og diskusjonar set eg stor pris på. Ingenting er heilt som det ser ut i dette samfunnet og kompliserte relasjonar får alvorlege konsekvensar.

Eg er vel ikkje den einaste krimlesaren som gjettar på kven som er mordaren, og i denne boka skifter eg meining undervegs. Uansett får eg ikkje greie på det før mot slutten.

Vil du lese denne boka og resten av serien, oppmodar eg deg til å lese dei kronologisk. Du får løysninga på krimgåta i kvar bok, men sakene og relasjonane påverkar karakterane utover i serien.

Tv-serien «Den fördömde» er basert på desse bøkene. Rolf Lassgård har rolla som Sebastian Bergman.

Ønsker du å lese denne har du mange sider med spenning å glede deg til! Eg skal no låne den siste boka i serien som eg enno ikkje har fått lese.

Fleire boktips