Inngang Bagn

På biblioteket kan du låne bøker, filmar, lydbøker, osb. Du kan lese dagens aviser, bruke PC, skrivar og skannar (kopi og utskrift kostar 3,- per ark).

Gjennom appen BookBites kan du låne e-bøker og lydbøker.

Har me ikkje inne boka du er ute etter kan me bestille den frå eit anna bibliotek kor som helst i Noreg. Bøkene me bestiller kjem tysdagar og torsdagar. 

I tillegg til hovudbiblioteket og filialen i Hedalen har me Bok i butikk hjå Joker Finnøen i Begnadalen.

Bøkene i hylla der kan du låne med deg ved å skrive datoen for når du lånte med deg boka på lappen som er festa fremst i boka. Når du er ferdig med boka set du den tilbake i hylla eller leverer den på eit bibliotek.

Bøker som ikkje høyrer til Sør-Aurdal folkebibliotek og/eller er lånt på andre bibliotek må du levere på eit bibliotek og ikkje legge i hylla, elles kan den bli lånt av andre sjølv om boka står utlånt på deg.

I tillegg til hylla med bøker kan du bestille bøker og hente dei hjå Joker Finnøen. Bøkene kan du bestille ved å reservere inne på biblioteksida vår eller du kan ringe oss, sende mail eller sms. Bøkene blir levert torsdager og kan hentast etter kl. 11.00.