Digitale tenester
På Filmoteket kan du låne film digitalt ved hjelp av lånekortet ditt, og det kostar deg ingenting.
Filmoteket fins som app, eller du kan bruke nettlesaren din for å sjå film. Du treng eit nasjonalt lånekort, og ei firesifra pinkode, for å bruke tenesten. Om du ikkje kan pinkoda din, eller berre har lokalt lånekort, ta kontakt med oss.
BookBites er vår appbaserte teneste for e-bøker og digitale lydbøker. Du kan laste den ned frå Google Play eller Appstore på telefonen eller nettbrettet ditt, heilt gratis. Det er også mogleg å bruke den i nettlesar. Du treng eit lånekort som er kobla til eit bibliotek og ei firesifra pinkode for å nytte deg av tilbodet. Ta kontakt med oss om du skulle mangle ein av desse eller om du har spørsmål.
Biblioteksøk er ei felles database kor ein har tilgong til norske bibliotekkatalogar. Med andre ord, gjennom denne sida har du moglegheit for å låne litteratur frå alle norske bibliotek, og få direktetilgong på nett til litteratur som ligg digitalisert i Nasjonalbiblioteket. Om du skal bruke tenesta må du ha eit nasjonalt lånekort, og eit passord eller pinkode. Om du manglar ein av desse, ta kontakt med oss.
Via Nasjonalbibliotekets nettbibliotek kan du få tilgong til ei rekke gamle aviser, bøker, kart, bilete og meir. Det er forskjellige tilgonger, noko er ope så lenge du er på ei norsk ip-adresse, noko får du tilgong til ved å vere på bibliotekets pcar og andre ting er under forskningbasert tilgong. Du kan lese meir om kva du kan få tilgong til her.
Filmbib har ei rekke norske kort- og dokumentarfilmar for born og vaksne, og er heilt gratis å bruke!
For å bruke Filmbib må du ha nasjonalt lånekort. Om du berre har eit lokalt lånekort frå før, ta kontakt med oss, så kan vi endre lånekortet ditt. I tillegg treng du ei fire-sifra pinkode som du også får av oss om du ikkje allereie har.
Verdensbiblioteket er ein del av norske og svenske bibliotek, og er heilt gratis å bruke! Her vil du finne lydbøker og e-bøker på fleire av dei store innvandrerspråka i Skandinavia. Lytting og lesing foregår på sjølve nettsida. Du må laga deg ein brukerprofil ved hjelp av e-postadressa di, og opphalde deg i Noreg for å kunne bruke tenesta.