Boktips

Mange løgner små

Solfrid Mangelognersma
ForfattarMonika Steinholm
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriKrim og spenning

Krim som fenger og som fangar deg inn i historia om ei forsvunne kvinne

Det er påske og det er tida for krim. Mange løgner små er ingen typisk politikrim, her får du nordnorsk natur, bygdedyret, eit rikt persongalleri og krim som fenger og som fangar deg inn i historia om ei forsvunne kvinne.

Historia får me gjennom forteljarstemmene til Marry, Trude, Sunniva, Ingrid og Isabella. Ingrid blir med kjærasten Robert til heimbygda hans, som ligg under nordlyset i nord. Raskt merker Ingrid at besøket deira ikkje blir tatt godt imot. For fem år sidan blei Linnéa, gamlekjæresten til Robert, borte under ein vinterstorm og ho blei aldri funnen.

Bortsett frå Marry, mor til Robert, er det få som er glade for besøket. Det får fem år gamle minner og kjensler til å dukke opp igjen, spesielt sidan Ingrid er prikk lik Linnéa. Kva skjedde med ho for fem år sidan? Og kvifor kjem det ein gravejournalist frå Oslo akkurat no?

Om du er glad i historier med spenning og vendingar er dette boka for deg. Steinholm skriv godt og det er lettlest. Boka har korte kapittel og sjølv om det er fleire forteljarsteværmmer er det enkelt å skilje dei sidan karakterane er så ulike og det er skrive i tredjepersonsform. Det er handlinga som driv historia framover, men me får òg nordnorsk natur og ver beskrive.

Steinholm har skrive barne- og ungdomsbøker før og dette er hennar fyrste vaksenbok, ein god debut for det vaksne publikum.

Fleire boktips i same kategori