Boktips

Under senga og andre skumle historier

Undersengaog
ForfattarMax Brallier
Omtalt avMaren Nesja, Vestre Slidre folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

«Under senga og andre skumle historier» er skummel moro for dei yngste.

Boka, gjeven ut på Gyldendal forlag i 2021, er skriven av Max Brallier og illustrert av Letizia Rubegni.

«Isnende mørke og overraskende historier som får nakkehårene dine til å reise seg. Hva gjemmer deg under senga? Hvorfor må du ikke sove med åpen munn? Hvem klorte på vinduet?»

Alt dette får du svar på om du les dei fem grøsserane i «Under senga og andre skumle historier». Dette er ei skummel og ekkel bok i kategorien lettlest.

Den har mange illustrasjonar, og berre få, og relativt enkle setningar på kvar side. Illustrasjonane skapar ein mørk og skummel stemning med duse farger. Det er som om det er litt skittent og mørkt på alle bildene.

Boka inneheld fem frittståande korte historier. Dei fleste med ein litt overraskande og open slutt, noko som gjerd ei ekstra skumle.

Boka passar for barn frå 6–9 år, gjerne ferske lesarar, som likar eit grøss!

Fleire boktips