Boktips

Tre menn til Vilma

Tremenntilvilma
ForfattarGudrun Skretting
Omtalt avMarianne Isachsen, Vang folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Norsk feel-good med humor og julestemning! Kan ein ynskje seg meir?

Gudrun Skretting er mest kjent for å ha skrive barnebøkene om guten Anton, og desse bøkene har ho vunne fleire prisar for. «Tre menn til Vilma» er hennar fyrste roman for vaksne.

I boka blir vi kjent med Vilma. Ho er 35 år, bur åleine og arbeider som musikklærar i kulturskulen. Heile verda hennar blir brått snudd opp ned i det ho blir informert om at faren, som ho ikkje visste noko om, nett har døydd på eit fly på veg til Oslo. Vilma får overlevert ein bunke handskrivne brev frå faren, og med dei fylgjer ein instruks om å lese eitt brev om dagen.

Mora døydde då Vilma var lita. Gjennom breva får Vilma meir og meir kjennskap til familien si historie, og om forholdet mellom mora og faren. Det handlar om alvorleg sjukdom, om vanskelege val ein må ta, men også om kjærleik og forelsking. Boka vekslar mellom innhaldet i breva og kvardagslivet til Vilma, som no må arrangere gravferda til faren. Ho forelskar seg i presten, og det visar seg at ho har lite erfaring med betydinga av ulike emojiar, dette blir både flaut og frykteleg pinsamt for Vilma. Patologen gjer også sitt inntog i livet hennar, og ho får eit anna fokus enn å unngå radioaktive bananar og alt anna som kan være farleg.

Det er ikkje lett å skrive morosame bøker, men dette er Skretting sin styrke, ho meistrar å skape ustyrtelege komiske situasjonar. Eg tok meg sjølv i å le høgt fleire gongar medan eg las boka. Ho er lettlest, har korte kapittel, og dialogar med snert og mykje varme.

Fleire boktips