Boktips

Tre menn til Vilma

Tre Menn Til Vilma
ForfattarGudrun Skretting
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Denne lettbeinte boka handlar om Vilma Veierød, samt ein død far som plutseleg dukkar opp, ein kjekk prest og ein patolog med tourettes med verbale kraftuttrykk.

Dette er dei tre mennene som Vilma plutseleg må omgås rett før jul (så mykje ein kan omgås ein død far).

Vilma har budd og klart seg åleine i mange år. Mora døydde då ho var 4, og grandtanta som tok over etterpå døydde då ho var 18. I dei siste 17 åra har ho vore åleine. Faren har ho aldri møtt. Ho jobbar i kulturskulen der ho underviser piano, der har ho ein kollega ho et lunsj med elles prøver ho å halde seg unna folk.

Det er presten og patologen som kjem med bodskapet om hennar daude far. Det er eit sjokk. Ikkje berre at faren er død, men det faktum at han var på veg for å møte Vilma og hadde med seg ei bunke med brev til ho. Breva fortel historia til faren og mora.

Boka får fram både latter og tårer, det er humor og tristesse.  Den er handlingsdrevet og lettlest. Som leser blir ein engasjert i vala Vilma tar (og skulle tatt). Ho er sær og eigen og vil helst vere åleine, då heier lesaren på mannen som prøver kome nærare innpå ho. Samt blir glad av eleven som kjem heim til ho som om det var det mest naturlege i verda og viser at det kan vere fint med besøk og vener.

Dette er boka for deg som ynskjer ei feelgood-bok med humor, kjærleik og eit snev av jul.

I haust kom det ei oppfølgingsbok om Vilma, Din Vilma, som følgjer Vilma vidare i livet. 

Fleire boktips