Boktips

Sønner

20250908 075726
ForfattarJean-Baptiste Del Amo
Omtalt avIngrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
Kategori Skjønnlitteratur for vaksne

Uro, ubehag og angst er berre noko av det eg kjenner på når eg les Jean-Baptiste Del Amo sin roman «Sønner». I eit mørkt, valdsamt, nøkternt og maskulint språk invitera forfattaren oss inn i eit samansett og dystert familiedrama.

I dei første femten sidene av boka blir vi introdusert for ein flokk forhistoriske jegerar og sankarar. Dei er ikkje ein del av historia, men set ein tone.

Her møter vi ein far som tek med seg sonen sin for å fange og drepe ein hjort. Den brutale valden som blir vist frå faren går vidare til sonen, og ein anar med denne informasjonen at dette blir ei brutal lesing.

Brått skiftar «Sønner» over til moderne tid. Etter mange års fråvær vender ein far plutseleg tilbake til sonen sin på 9 år, og guten si gravide mor.

Under påskot av å ville beskytte dei, tek mannen dei med opp i fjella til Les Roches, kor han sjølv har budd med faren sin. Hytta er forfallen, særs primitiv, og fullstendig isolert frå sivilisasjonen.

Det bli sagt at dei berre skal vere der om sommaren, men tida går og frykta deira veks. Vil dei nokon gong kunne møte og snakke med andre menneske igjen? Kan dei overleve i naturen? Og kva slags hemmelegheit er det faren ber på?

Boka har ingen kapittelinndeling og blir fortalt i eitt langt løp, berre åtskilt av små linjesprang og små stjerner som viser at historia hoppar i tid.

Dette oppsettet bidreg til å støtte den dystre tona i historia. Alle personane i romanen er namnlause, og blir berre omtalt som faren, mora eller sonen. Denne mangelen på bruk av namn skapar ei kjensle av distanse og tilfører eit ytterlegare tungt lag til den brutale handlinga.

«Sønner» er ei valdeleg historie om brutalitet og makt, med fråvær av håp.

Den forsøker å beskrive kva som kan arvast frå generasjon til generasjon, og kor vanskeleg det kan vere å bryte mønstre og relasjonar.

Det er ei storslått skildring av natur og menneskelege drifter frå ein av Frankrike sine mest talentfulle romanforfattarar.

Fleire boktips