Boktips

Outlaster

Outlaster
ForfattarNina Borge
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Å spele Counter-Strike: Global Offensice (CS:OG) er det beste Adrian veit.

Han speler saman med venene sine, han er sjølvsikker og til og med leiar på laget han speler på. Det er ein sosial arena Adrian trivst med, det er noko heilt anna på skulen. Han skulker mykje, ikkje fordi han vil, men kva skal han gjere når angsten riv i han? For Adrian har angst og den plager han voldsomt på skulen. Korleis skal ein seie det til foreldrane sine eller læraren? Det er vanskeleg å prate om så Adrian skulker, men det skal få store konsekvenser, for både foreldrane og læreren til Adrian prøver å få han tilbake på skulen. Til slutt seier mora at ho tar datamaskinen hans om han skulker meir, og det seier ho rett før laget hans skal vere med på si fyrste turnering!

Dette er ei god bok om gaming, angst, skulevegring, venskap og forelskelse. Me følgjer Adrian tett i alle følelsane hans. Handlinga er engasjerande og følelsane til lesaren blir óg satt i sving, både frustrasjon over kommunikasjonen (eller mangelen på den) og medkjensle ovenfor Adrian, for beskrivelsane av panikkanfalla hans er truverdig og gode.

Denne boka er for alle som gamer eller kjenner nokon som gjer det, den kan gje eit nytt perspektiv – for ein kan jo ikkje nekte for at gaming har eit dårleg rykte blant foreldre, lærere og ikkje-gamere. Om boka ikkje får deg til å elske gaming, så trur eg den kan opne perspektivet og tankane rundt gaming og kvifor andre set så pris på det og det kan vere mykje verdt for nokon du kjenner! 

Fleire boktips