Boktips

Oskespiralen

Oskespiralen
ForfattarLeander Djønne
Omtalt avIngrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Det var fjellet si tid. Steinen si tid. Ei tid menneska ikkje begrip der dei klamrar seg til hastige lagnadar og går attende til jord i same stund dei er komne inn i verda. Dette er opningssetninga i Leander Djønne sin debutroman «Oskespiralen» som han vant Lyttarane sin romanpris for i 2022. Sjeldan har eg lese ei opning som signalisera klarare at her les eg ein roman heilt utanom det vanlege.

Vi møter ein dysfunksjonell familie, busett på ein gard som går under på grunn av faren sitt alkoholmisbruk. Forfattaren skildrar ein omsynslaus far som korkje evner å avgrense valden han utsett familien for, eller eige alkoholforbruk. Tidleg i boka drep faren kona si på barbarisk vis. Han dreg ho gjennom ur, stein og ulendt terreng, riv av ho håret og kaster henne i fjorden. Boka fortset å male eit stadig meir grotesk bilete av oppveksten på garden, med ein far som valdtek kona si framfor dei små tvillingsønene sine og låsar dei inne i potetkjellaren i dagevis. Oppveksten pregar dei to sønene, men på ulike måtar. Den eine arvar valden frå far sin, og må sone ei lang fengselsstraff. Den andre tvillingbroren har funne Jesus, og trur på frelse og forlating for syndene. Ein tvungen kontakt mellom brørne for første gong på mange år, blir starten på ei reise blant gamle og fortrengde minner frå barndommen.

Romanen er rå og brutal på alle måtar. Tittelen ”Oskespiralen” gjer meg som lesar nysgjerrig. Kva meina forfattaren med tittelen? Ein syklus av øydelegging? Ein naturlov som lovar undergang, eller eit løfte om at nokon skal kunne reise seg igjen som ein føniks frå oska? Noko står i alle fall klart for meg, og det er at i Djønne sin særeigne prosa blir valden og raseriet som gjennomstrøymer denne slekta skildra med ei nådelaus kraft. Det er ei rystande forteljing om to brørs oppgjer med fortida, ein far med umenneskeleg framferd og ei ur som er i ferd med å losne over heimegarden. Ein steintøff, brutal og nådelaus roman om skyld, soning og hemn!

Fleire boktips