Boktips

Mordet på Henrik Ibsen

Mordet På Henrik Ibsen
ForfattarErlend O. Nødtvedt
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Original og sprelsk roman om Bergen, Ibsen og teateret.

Romanen startar med eit brev frå ein forfattar som har same namn som Nødtvedt sjølv, til teatersjef Stefan Larsson ved Den Nationale scene i Bergen.
Forfattaren fortel at han er tilsett i ei halv stilling som litteraturformidlar ved Bergen Off. Bibliotek i tillegg til skrivinga. Ved flytting av nokre esker i samband med ombygginga av lokalet, har han, i ein uvakta augneblink, kome over ein bunke med gamle og umåteleg interessante brev som han stappa «ned i, ja, undikken.» 

Breva fortel om ei noko kaotisk Europareise som Henrik Ibsen gjorde i lag med skodespelarane Louise og Johannes Brun ved Det Norske Theater. Breva er i følge forfattaren spekka med sensasjonelle opplysningar, og er spreidd utover i romanen som spennande «cliffhangers». Det stolne materialet frå biblioteket, i tillegg til den notidige brevvekslinga med den før nemnde teratersjefen, utgjer viktige delar av romanen. Innimellom får me lesa stadig nye utdrag frå teaterstykket om Ibsen sine år i Bergen som forfattaren ønskjer at teatersjefen skal setja opp. (Forfattaren har forøvrig tenkt å levere breva innatt til biblioteket når manuset er ferdig, «jeg betaler sågar et purregebyr».) 

Nødtvedt skriv med ein imponerande språksans, og vekslar saumlaust og humoristisk mellom ulike språkstilar – stivt Bergensk frå 1850-talet, ulike dialektar frå bygdene rundt, og moderne språk og uttrykk når handlinga er lagt til notida. Likeins vekslar han på finurleg vis mellom tidslaga i sjølve forteljinga, og mellom sjangrane skodespel, brev og roman. Han let både oss og den fiktive forfattaren med same namn som seg sjølv, gradvis rivast med og inn i Bergens gater anno 1851. Me kan lukte fiskesloet, kjenne regnet og desperasjonen, dramatikken og forviklingane på kroppen, denne mannen kan skrive!

Fleire boktips