Boktips

Kvar dag skal vi vere så modige

Kvar Dag Skal Vi Vere Så Modige
ForfattarBrynjulf Jung Tjønn
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Isak bur i lag med mora si i eit hus for seg sjølv. Næraste nabo bur på andre sida av skogen.

Mora til Isak tilbringar mykje tid i senga, og når ho ikkje er i form må Isak enten gå ut av huset eller skulke skula for å hjelpe henne. Læraren og foreldra til Yardan, venen til Isak, trur han skulkar skula fordi han er ein skulkar, men dei veit ikkje korleis Isak eigentleg har det heime. Det er ingen som får kome inn heime hos dei. Ikkje Yardan, ikkje naboen Magnar og kjærasten med det lange, lyse håret og ikkje dama som ofte er innom i den raude bilen som mora seier er frå Jehovas Vitne.

Naboane er nye i bygda, og i starten møtast Isak og Magnar ved gjerdet som gjerder inn dyra til Magnar. Isak får tyggis eller kjeks av Magnar og dei deler tause stunder saman. Etterkvart blir det Magnar og kjærasten hans Isak er mykje saman med. Han blir invitert inn på mat, grilling i hagen og tur på stranda for å bade.

Kvar dag skal vi vere så modige er ei nedpå, langsam og stille bok som fortel ei vond og trist historie. Den tar opp eit tema som er sårt, dei som ikkje blir sett og ikkje får den hjelpa dei har behov for.

Fleire boktips