Boktips

Invictus

Invictus
ForfattarSunniva Lye Axelsen
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

I ei verkelegheit der operaen og sentrum i Oslo ligg under vatn møter me Hugo Nørve. Han bur i ein bustad kalla Slottet, ei høg bustadblokk der det bur all slags folk: alkoholikarar, narkomane og demente minstepensjonistar.

Hugo er plassert der ved ein feil og mens han ventar på klagesaka som er sendt kommuna kan han jo like greitt vere vaktmester i blokka slik at der er litt orden.

Ein dag får Hugo sjansa til å fortele si historie då Kringkastingshuset og Helena frå tv-serien «Innsjekk» tar kontakt. Dei ynskjer å lage ei episode frå Slottet og Hugo tenkjer at han endeleg skal få vist fram at han ikkje høyrer heime blant alle desse utstøytte folka han er plassert midt oppi.

Det er 12 etasjar i blokka. I fyrste er Miljøpatruljen (som skal holde orden i blokka), over dei i andre og tredje etasje bur minstepensjonistane og over der igjen bur dei narkomane. Dei har berre ein etasje. Derimot har neste gruppe, dei som likar å drive med hærverk og blind vold, tre etasjar å boltre seg på, femte, sjette og sjuande. I dei øvste etasjane, niande til tolvte, er det alkoholikarane som bur. Og Hugo då.

Det er Hugo som fortel historia frå sitt perspektiv og me får møte alle dei håplause folka han deler oppgang med. Me får òg vere med på alle førebuingane til innspelinga skal starte. Det skal vise seg at det ikkje går heilt etter planen til Hugo og historia hans smuldrar opp litt etter litt.

Invictus er ei mørk og absurd bok med eit lite spark til alle sosialporno-tv-seriane som blir sendt og sett av mange.

Fleire boktips