Boktips

Høgfjellsmeldinga

Høgfjellsmeldinga
ForfattarGuri Sørumgård Botheim
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Kven er fjellet sine heltar og skurkar?

Guri Sørumgård Botheim har med denne boka skrive ein spenningsroman frå Dovrefjell om naturvern og interessekonfliktar, i spedd kjærleikstvil, hemntankar, sorg og kvardagsliv.

Hovudpersonen Ragna Svae frå Dovre får jobben som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Ho kjem frå ei stilling i eit forlag i Trondheim, der ho bur i lag med kjærasten Lars, ein traust kar som arbeider med smarthus i eit arkitektfirma. Ragna vel å flytte til Hjerkinn i staden for å pendle og ordne seg med heimekontor-løysingar, for som ho seier: «Eg må vera her når fjellet har noko å melde. Og det er ikkje nødvendigvis i kontortida»

Og det er fjellet, villreinen og ikkje minst friluftslivet, både det moderne og det eldre, meir berekraftige, som er hovudtema i boka. Men Botheim kastar også eit skarpt og humoristisk blikk på kontorlivet på Villreinsenteret, attkjenneleg for mange kommunekontoristar og andre, vil eg tru.

Den første oppgåva Ragna får, er å skrive ein NOU-rapport om interesser og interesse-konfliktar i høgfjellet.
Ho er ikkje av den konfliktskye typen, og lanserer etter kvart nokså radikale forslag og tiltak der ho allierer seg med bøndene og bygdefolket i kamp mot den moderne masseturismen og Den Norske Turistforening.

Etter kvart dukkar det opp trusselmeldingar, og arbeidet med rapporten kvervlar opp hendingar i fortida som også involverer ekskjærasten Ragna ikkje kan gløyme, Gaute.

Hissige konfliktar om områda i og nær fjellet er noko vi står i her i Valdres også. Boka kan godt lesast same kva for side ein står på i desse, ho gjev oss hjelp til å tenkje og sortere. Er Ragna sine svar på problema dei rette?

Og visste du forresten at Hjerkinn hjå dei lokale blir uttala Sjærkjinn?

Fleire boktips i same kategori