Boktips

Hesteguttene

Hesteguttene
ForfattarJohan Ehn
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Anton jobber som heimesjukepleier i Stockholm. Han er akkurat ferdig med vidaregåande, har kanskje fått seg kjæreste og elskar å ri og bruke tid på hesten sin Pampas.

Ein av brukerane han besøker i jobben er ein gamal mann på nesten 100 år. Han prater ikkje, men dei finn ein kommunikasjonsform som funker. Mannen heiter Alexander Kovac og leiligheita er full av bilete av hestar, og portretter av to gutar.

I boka vekslar kapitla mellom historia til Anton og Alexander si. Me følgjer Anton i Stockholm i 2014, og i neste kapittel er me med Alexander, også kalt Sasha, på hans historie frå 1926 til 1937.

Sasha veks opp og lev saman med Janek. Dei møtast på ein barneheim som små gutar. Derifrå rømmer dei saman og endar opp på eit sirkus som dei jobbar på i mange år. Dei gjer alt saman, og lev saman som eit par. Det går lenge heilt fint, dei på sirkuset bryr seg lite. Etter kvart endar dei opp med å bu i Berlin og kjem inn i eit ope og fritt miljø. Det skal endre seg drastisk i 1933 då Hitler blir rikskansler og homofile blir jakta på, fengsla og sendt i konsentrasjonsleirar.

Vekslinga mellom historieforteljar gjer ein god flyt i historia. Me får både eit innblikk i livet til eit tøft og annleis liv for nesten 100 år sidan, samtidig som me får følgje Anton i hans tankar og følelsar i ei tid og eit samfunn som er enklare å kjenne seg igjen i. Anton blir engasjert og interessert i historia til Alexander, slik me som lesarar blir. Å følgje nøstinga av historia til Sasha som Anton går gjennom er interessant og spennande å vere med på.

Den er skrive for ungdom, og passar for ungdom i alle aldre!

Fleire boktips