Boktips

Helvete

Helvete
ForfattarErlend Loe
Omtalt avJanne Colbjørnsen og Marianne Riste, Vang folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Dra til Helvete og gled deg til turen! Her får du ei herleg absurd historie.

I Helvete møter vi Rakel som nyskilt og derfor har flytta frå einebustad til rekkehus. Ho har delt omsorg for dei to barna og eit hav av tid når dei er hjå faren.

Rakel vil bruke den ledige tida på å lage eit fint blomsterbed og oppdagar då ei tildekt, gamal luke. Under luka er det ei trapp som fører lukt til helvete, eit helvete som er noko annleis enn vi har førestilt oss.

Medan ho går rundt der nede og ser seg ikring møter ho sjølvaste Satan, ein atletisk mann iført lindress. Han er på veg til å bli utbrent, for det «tek på å gjere faenskap».

Dei to blir raskt eit par, men sidan dei er frå kvar si verd møter dei nok på litt andre utfordringar enn vanleg. Korleis det går med dei vil vi ikkje røpe, du får lese boka.

Dette er ein humoristisk roman som vi har humra og ledd oss igjennom fleire gonger. Trass det komiske har den urealistiske historia ein alvorleg undertone om skilsmisse, vanskeleg kjærleik og dysfunksjonelle familiar. 

Vi ser parallellar til dagens realityseriar, der alt skal visast fram og folk kan snoke i andre sine liv og tragediar. Også helvete opnar for betalande tilskodarar for å ikkje gå under.

Erlend Loe leiker seg med bibelske ordtak og formuleringar.

Gud er søstera til Satan og ho er «skikkeleg uransakeleg» og Satan brukte førti dagar og førti netter på å kaste krykkene etter eitslagsmål med søstera.

Vi åtvarar mot friske skildringar som kanskje ikkje passar sarte sjeler.

Liker du å lese realistiske og seriøse historier bør du styre unna denne. Dette er ei lita og lettlesen bok som harselerer med det meste. Dra til helvete og gled deg til turen!

Fleire boktips