No har eg endeleg lese klassikaren Fluenes herre, omsett av Inger Hagerup. Eller rettare sagt høyrt boka, for meg går det nesten ut på det same. I tillegg har eg lese teikneserieadapsjonen teikna av nederlandske Aimée de Jongh (2024), og eg har sett filmen frå 1963.
Utan at eg skal driste meg til å rangere dei på nokon måte.
Det er ei dyster historie om ein gjeng med smågutar som er einaste overlevande etter ein flykræsj. Dei sit fast på ei aude øy og prøver på ulike måtar å få kontroll over situasjonen dei er havna i, for å blir redda og, inntil dess, overleve.
Det er interessant å lese om korleis dei på kort tid utviklar seg frå små uskyldige gutar til gutar som gjer grusame handlingar. Det er motstridande ønske i dei to grupperingane som oppstår.
Nokon ønsker å bli funne og tenner bål slik at dei kan bli oppdaga. Medan andre utroper seg til jegarar og jaktar på gris for å få kjøtt å ete. Vil du vite korleis det går må du få tak i boka sjølv, til dømes på biblioteket.
Og har du lest hit skal du få vite at eg likte boka best. Eg likar korleis teksten blir til bilete for meg, det er eit driv i orda og ei intens handling som er fortald på ein særs god måte.
Teikneserieadapsjon kjem som ein god nummer to. de Jongh har ein teiknestil eg likar, med kraftfulle farger og uttrykksfulle teikningar. Ho er tru mot historia og eg blir overraska over kor samstemte mine indre bilete av boka og teikningane hennar er.
God lesing!