Boktips

Faen, faen, faen

Faen2c+Faen
ForfattarLinn Strømsborg
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Britt har alltid tatt omsyn til alle andre, men no har ho fått nok

Har du kjent på følelsen av å ville skjelle ut familien etter mange år med innestengt sinne? Eller kanskje du alltid har vore flink og gjort alt som det skal og har kjent på at no er det nok? Slik har Britt det i Faen, faen, faen. Me møter ho rett etter at ho har skjelt ut familien, ein ven og eit venepar og ungane deira. Ho har sprunge frå åstaden og ho går mot stranda, ut i vatnet og ligg og flyt og kjenner at dette skulle ho gjort tidlegare.

Me følgjer Britt i tankerekkjer som går fram og tilbake i tid, det er tilbakeblikk på episodar der Britt har vore flink, gjennom heile oppveksten følgde ho reglane og gjorde det ho skulle. Så kjem me tilbake til Britt, der ho no ligg i vatnet og flyt. Etter kvart stig ho opp frå vatnet, men ho rømmer vidare.

Det er mykje sinne i boka. Sinne over alt Britt har måtte gjort, for å vere flink, for å vere god dotter, god kone, god mamma, god veninne, god arbeidstakar osb. Ho har alltid tatt omsyn til alle andre, men no har ho fått nok.

Historia har ein god flyt. Den er delt opp i deler med titlar som forklarer kva som kjem, kven si historie me får høyre no. Språket er lett og engasjerande. Ein føler med Britt og det ho kjenner på. Det er lett å kjenne igjen skrivestilen til Strømsborg, så om du blir like glad i skrivestilen hennar som meg, så kan eg anbefale andre bøker ho har skrivi, som til dømes Aldri, aldri, aldri. Den handlar om morsrolla og å ikkje ville ha born.

Fleire boktips