Boktips

Er jeg snerpet?

Det beste fra Alle Kvinners 1938
Er Jeg Snerpet
ForfattarJenny Jordahl
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek

I denne boka tar Jenny Jordahl eit djupdykk i Alle Kvinners Blad frå 1938. Boka har eit humoristisk blikk på kvinneblad generelt og Alle Kvinners Blad spesielt. 

Alle lesarinnlegg, svar, moter og spalter som er med i blada blir tatt ut og sett på med auger frå 2022.

Det er ikkje til å kome bort i frå at det er ein del syn og meiningar som har gått ut på dato, heldigvis kan ein seie. Korleis ei dame skulle te seg og kle seg har forandra seg, det kjem tydeleg fram i forskjellige artiklar i bladet, bl.a. ein artikkel der forskjellige menn er spurd om «Hvordan skal hun være, den piken mannen vil gifte sig med?». Eit svar er «Min idealkone skal tilhøre mig og vårt hjem, så yrkeskvinne er hun ikke». Eit anna: «Hvis unge damer bare visste hvor dum all denne standardiserte jargonen deres er, og at de alltid skal late som om de har oplevet all verden! Som om vi ikke gjennemskuer dem og vilde foretrekke dem enkle, slik som de virkelig er – i hvert fall til ekteskap.»

Utklippa frå 1938-bladet som er med i boka er satt saman med teikningar av Jenny Jordahl. Det er hennar unike og humoristiske strek som gjer det lett å skratte og gjere narr av det som stod i bladet frå 1938.

Jenny Jordahl har gjeve ut fleire bøker og samarbeidet hennar med Marta Breen om feministiske bøker er noko av det ho er mest kjend for. Døme på desse er teikneseriebøker som 60 damer du skulle ha møtt: Norsk kvinnehistorie for deg som har det travelt (2016) og Patriarkatet faller: Sexismens historie og kvinners motstandskamp (2021).