Boktips

En lykkelig mann

Enlykkeligmann
ForfattarArto Paasilinna
Omtalt avTurid Bjørgo, Etnedal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Ein vanleg mann som valsar opp med det etablerte. Ein oskeladd som vinn prinsessa og heile kongeriket. Søt hemn over smålege besteborgarar. Det finn du i boka «En lykkelig mann», av Arto Paasilinna.

Ei ny bru skal byggjast i Granbacka. Bruingeniør Jaatinen har ansvar for prosjektet, og alt ved ankomsten vekkjer han harme og gjev signal til det etablerte borgarskapet om at han gjer ting på sin eigen måte: «Man skulle ikke tro at den fyren var ingeniør.»

Jaatinen får ting gjort, men tirrar på seg både ordførar, lensmann og prost. Borgarskapet gjer det dei kan for å bli kvitt han, og lykkast. Nesten. For Jaatinen sver hemn, og ved hjelp av lojale og oppfinnsame medsamansvorne får han fyrst anbodet på eit kommunalt prosjekt, dernest etablerer han fabrikk og byggjer jernbane. Eit par absurde damehistorier får og konsekvensar, ikkje minst for Jaatinen sjølv. Motstandarane fell for eigne grep, om enn ikkje utan at Jaatinen har trekt i nokre trådar…

Oppi alt det finske vanvitet er det også eit djupare alvor, der samfunnskritikaren Paasilinna ved hjelp av avvæpnande humor refsar det beståande.

Språket i boka minner om sagastil. Korthogde skildringar av menneske og miljø. Inga store utgreiingar av kjensler og hendingar. Replikkar og observasjonar skildrar eit karikert samfunn.

Mange av Arto Paasilinnas bøker er omsette til norsk. Boka Harens år er også filmatisert.

Eg lo godt av lydboka for nokre år sidan. Då eg las boka no reflekterte eg meir over handlinga i seg sjølv. I lys av internasjonale hendingar og haldningar dei seinare åra, stiller eg meg ikkje bak framgangsmåten til Jaatinen, sjølv om eg heiar på han og godtar meg på hans vegne. Og eg ler fortsatt!

Boka er tilgjengeleg som e-bok på bibliotekappen Bookbites!

Fleire boktips