Boktips

Besettelse

en romantisk fortelling
Besettelse
ForfattarA.S. Byatt
Omtalt avJanne Colbjørnsen, Vang folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

«Besettelse: en romantisk fortelling» av A.S. Byatt er ein av favorittbøkene mine og vart utgitt i 1990. Ho har fått mange prisar for bøkene sine, t.d. Bookerprisen for denne romanen. Besettelse vart filmatisert i 2002.

Handlinga går føre seg i England på 1980- og på slutten av 1850-talet. Roland Michell er litteraturforskar. Han har spesialisert seg på den viktorianske poeten Randolph Henry Ash. Han finn eit uferdig brev frå Ash til ei ukjend kvinne. Han blir nyfiken, stel brevet frå biblioteket og byrjar å undersøke på eiga hand. Spora fører han til ein kvinneleg poet, Christabel LaMotte. Roland oppsøker litteraturforskar Maud Bailey som har god kjennskap til henne. Kan han slik finne ut meir om denne brevkorrespondansen?

Vi følgjer Maud og Roland medan dei utforskar om det er ein relasjon mellom LaMotte og Ash. Dei følgjer spor i breva dei finn, dikt og dagbøker. Andre akademikarar har og fått ferten i dette, og skyr ingen middel for å finna svaret først. Kven vinn kappløpet?

Byatt har ein akademisk bakgrunn, noko boka ber preg av. Det er ei omfangsrik bok med detaljerte skildringar av personar og omgivnader. Teksten er som ein russisk dokke der hovudhistoria skjuler ei ny historie, som så skjuler dikt og små historier der alt heng saman. Boka var vel verd tida eg brukte fordi historia er så innmari god og har eit driv som gjorde at eg måtte vite korleis det gjekk med alle karakterane.

I denne historia får du romantikk, spenning, mytologi, historie, spiritualitet og poesi. Boka viser kva besettelse gjer med karakterane og korleis det påverkar relasjonane, på godt og vondt. Christabel skildrar det slik i eit brev til Randolph: «Intet menneskelig vesen kan stå i brann uten å fortæres.» Vil du heller sjå filmen? Gjer det, berre du får med deg denne historia!

Fleire boktips