Boktips

304 dager

304Dager
ForfattarSimon Stranger
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Sterk veteranhistore

Nicholas bur åleine i skogen. Det er eit mørke som har tatt over livet hans og han vil gjere ei ende på alt, men han har lova mor å halde seg i live, halde ut, i 304 dagar, til etter jul. Nicholas er veteransoldat, han tenestegjorde i Afghanistan i fleire år. Etter mange harde år på skula der han ikkje fann sin plass var militæret redninga – der passa han inn og han gjorde det det bra. 


I boka følgjer me Nicholas sitt liv med tilbakeblikk til då han tenestegjorde i Afghanistan og livet etter han kom tilbake, skada for livet. Samtidig som me følgjer Nicholas får me historia frå Arman om hans liv i Afghanistan og korleis han enda opp i Taliban. Det er i tillegg mykje frå historia til Afghanistan som er med på å bygge opp under kvifor Taliban rekrutterte så mange.


Det at Nicholas og hans historie er bygd på samtalar med ein krigsveteran som deler same fornamn gjer det heile endå meir verkelegheitsnært. Me kjem tett på Nicholas og hans tankar og følelsar. Det er sterkt å lese og kan vere med på å auke forståinga av kvifor mange veteranar slit psykisk etter enda teneste.
Det er 304 kapitla i boka. Dei teller ned til dagen Nicholas skal få ende livet. Dette gjer at lesaren nesten held pusten mot slutten for å finne ut av korleis det går med Nicholas. 
Simon Stranger har skrive ei sterk og varm historie om det å vere soldat i krig og å kome heim til ei verd som ikkje skjønar kva du har vore gjennom. 

 

Fleire boktips