Lånerett:
Alle som bur i landet har lånerett. Utlånet er gratis.
Lånekort:
Alle kan få lånekort mot å vise legitimasjon. Barn under 15 år må ha signatur av foresatt. Lånekortet burde du ha med deg kvar gong du skal låne bøker. Sei ifrå om du mister kortet, om du endrar namn eller kontaktinformasjon. Skulle du miste lånekortet ditt, må du betale kr 50,- for eit nytt.
Utlån:
Du kan låne så mange bøker du vil. Du er ansvarleg for alt som blir lånt på ditt kort. Om du ikkje leverer bøkene dine vil det bli sendt ut 3 purremeldingar. Blir ikkje materialet levert etter desse beskjedane vil du motta eit erstatningskrav. Gjeldande erstatningssatsar kan du sjå lenger ned på denne sida.
Utlånstider:
Vanleg lånetid er 4 veker, unntaka er:
Filmer og tidsskrift: 1 veke
Om ingen andre står på venteliste kan du forlenge låna dine, inntil tre gonger.
Andre reglar kan gjelde ved innlån frå andre bibliotek.
Om du ikke leverer eller betaler eventuelle erstatningskrav kan du bli sperra frå biblioteket.