Inngang Bagn

På biblioteket kan du låne bøker, filmar, lydbøker, osb. Du kan lese dagens aviser, bruke PC, skrivar og skannar (kopi og utskrift kostar 3,- per ark).

Gjennom appen BookBites kan du låne e-bøker og lydbøker.

Har me ikkje inne boka du er ute etter kan me bestille den frå eit anna bibliotek kor som helst i Noreg. Bøkene me bestiller kjem tysdagar og torsdagar. 

I tillegg til hovudbiblioteket og filialen i Hedalen har me ei avtale med Bruktbua på Hjørnet i Begnadalen om bokutlevering.

Der kan du hente bøker du har bestilt. Dei kan bestillast ved å ringe oss eller sende sms (48091628), sende ein mail (biblioteket@sor-aurdal.kommune.no), eller ved å reservere bøker i katalogen vår (sor-aurdal.bib.no). Bøkene blir levert torsdager og kan hentast etter kl. 11.00.