Utlånstoppen 2025

Publisert: 14. januar 2026
Facebook Covers

Sjekk kva sør-aurdølane leste mest i 2025.

Fekk du ikkje lest desse i 2025, så er det framleis moglegheit i 2026. 

Gå inn i vår bokbase, logg deg inn, søk opp og reserver bøkene allereie no!

I 2025 var det desse som var på utlånstoppen for vaksne:


Minnesota er lånt ut 13 gonger og er på toppen, tett etterfulgt av Årringer-serien som vart lånt ut 11 gonger.

Tørt land, Skriket og Alvestad-serien deler plassen om å vere utlånt 10 gonger, mens Villederen er lånt 9 gonger.

Dei fire neste, Skogshyttene i Sør-Aurdal, Mormors utriloge veninner, Ung mann vil ut og Spuria, er alle lånt 8 gonger.

 

For born og ungdom er det desse som var mest lest i 2025:

Harpa er på topp med heile 32 utlån! Forfatter Audhild Solberg var på besøk i november - som kan vere med på å dra utlånstalet opp, i tillegg til at boka er spennande sjølvsagt.

Teikneseriar er framleis tingen for born og unge:

  • Edelmot-serien har til saman 38 utlån fordelt på 3 bøker.
  • Nordlys-serien har 99 utlån fordelt på 7 bøker.
  • Ragnarok-serien har 76 utlån fordelt på 6 bøker. 
  • Katteguden Frøya (historie frå Ragnarok) har 23 utlån fordelt på 2 bøker.

Fotballbøkene om stjernene som ruler er også veldig populære, der er den om Ronaldo på topp med 13 utlån. Finn Willy-bøkene er også stadig populære og Hvor er Willy? Den fantastiske reisen er lånt ut 11 gonger i 2025.