Dei startar friskt med innbrot og respektfullt fyllekalas i Olav H. Hauge sitt siderkjellarbibliotek. Tonen er sett og deretter går det i vill fart på sidevegar, gjennom tunnelar og på ferjer, medan alkohol og regn flyt i strie straumar. Vi møter alt frå Jon Fosse og musikaren Nils Økland til den geriljaaktige motstandsgruppa Vestlandske Frigjeringsfront som forsøker å nedkjempe den frykta, dresskledde Austmannen.
Boka blir ein absurd bli-kjent-tur med spreidde anekdotar mellom fakta og vill fantasi.
Ho er ei uhøgtideleg, raljerande og begeistra reise gjennom landskap, kultur og historie, der forfattaren saumlaust glir frå storslegne naturskildringar via fylleangst og inn i hovudet til historiske karakterar. Eg får ei sterk trong til å vite meir om plassar, personar og historiske hendingar, som bygginga av vegen over Filefjell. Kapitla er delt inn etter reiseetappe, så her er det berre å dra fram kartet. Eit språkleg overskot og ein aversjon for punktum gir ein intensitet som dreg meg med på reisa innover til hjartet av Vestlandet der alt kulminerer: den myteomspunne Lærdalsmarknaden.
Det er lenge sidan eg er blitt så rive med eller har ledd så høgt av ei bok, og eg fekk umiddelbart lyst til å lese ho på nytt. Eller er det berre patriotismen som har snike seg inn i ein 50 % vestlending?