Boktips

Det som går tapt

Naturen som forsvinner og litteraturen som forteller om den.
Det Som Går Tapt
ForfattarBernhard Ellefsen
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriFaglitteratur for vaksne

Forfattar og litteraturkritikar Bernhard Ellefsen har her kome med ei perle av ei bok om litteratur og natur. Ellefsen sitt mål er å undersøke og formidle litterære verk som kan vera nyttige reiskap for tenking kring den naturkrisa me står i no. 

Han jaktar på litterære uttrykk som skildrar erfaringa av natur, anten han er øydelagt eller levande. Og i denne jakta møter me ein audmjuk, undrande og begeistra forfattar som verkeleg formidlar litteraturen med stor kraft og glede.

Litteraturens spørjekraft i forhold til dette temaet finn Ellefsen i alle slags genrar og han tek fram forfattarar også utanfor den høglitterære allfarveg. Boka startar til dømes med ei inngåande analyse av det økologiske perspektivet til den kjende barnebokforfattaren Laura Wilder med sine Huset på prærien-bøker. Ho hadde sjølv opplevd «The dust bowl»,  dei store sandstormane som ramma USA på 30-talet, og som var ein direkte konsekvens av nybygginga i prærielandskapet.  

Eit eige kapittel er via Valdresforfattaren Mikkjel Fønhus. Han hadde ei tankeverd som er direkte påkopla vår tids aller største problem. Fønhus viser oss at me som menneske ikkje er skilt frå jorda, skogen og naturen sine rammer. Vi deler vilkår med omgjevnadane våre. Særleg i dei tidlege bøkene teiknar Fønhus motsetningsfylte og intense bilete av forholdet mellom dyr og menneske, menneske og landskap og av naturen sjølv: «Skogen gråter, mens sola skinner, mens månen lyser. Fra lyng og mose, fra ur og kvist gråter det, en sår ynk. Beinrangel bleikner av tid og vær. Hver eneste natt lukker øyne seg i pine. Men ingen ser det.»

Kerstin Ekman er ein annan forfattar Ellefsen har stor glede av. Hennar store kunnskap og konkrete erfaring med den svenske skogsnaturen gjer ho god til å formidle det som etter kvart blir kjernespørsmålet i boka til Ellefsen: Å finne det rette blandingsforholdet for korleis mennesket skal finne sin plass i naturen utan å øydeleggje han.  «Hun vet om de sosiale og økonomiske vanskelighetene som preger naturnære menneskesamfunn. Hun vet at landbruket, som rent faktisk øver enorm skade på planeten vår, ikke kan demoniseres ensidig. Vi er mange og vi trenger mat. Hun vet at skogbrukeren, som raserer en biotop for å hente ut en enkelt ressurs, også er grunnlaget for at mennesker i Sverige i det hele tatt kan bo på landsbygda».

Me er i ei tid der optimisme kan synast vanskeleg, men Ellefsen kjempar for håpet og vårt engasjement for naturen: «Vi åpnes opp av å prøve, av å se knallrøde kompostmark i jorda, kjenne lukta av en nypebusk eller følelsen av en kråkefjær på fingrene. Et engasjement må begynne med å komme noe i møte, ta et skritt frem, strekke ut sine sansende fingre, åpne øynene. Lese. Lese videre. Men også smake og se. Det finnes ingen annen vei. Vi må ut.»

Fleire boktips