I 2025 er det 200 år sidan den store utvandringa frå Noreg til Amerika starta. Fyrste skip med 52 norske emigranter seilte fra Stavanger til New York sommaren 1825. Frå 1825 og fram til 1930 fulgte nesten 900 000 nordmenn draumen om eit betre liv i Amerika.
Terje Mikael Hasle Joranger er fag- og forskningsdirektør ved Norsk utvandrermuseum i Ottestad ved Hamar og professor i historie ved Universitetet i Innlandet. Han er fagkoordinator for Crossings 200 med ansvar for fagleg kvalitetssikring av materiale om migrasjon og koordinering av arrangement mellom USA, Canada og Noreg. Han har vore med på å gje ut fleire publikasjonar om norsk utvandring og samfunnsbygging i USA, transnasjonalisme og identitetsdanning.
Onsdag 1. oktober vil Joranger ta fore seg historia om utvandringa frå den nordlege delen av kommuna.
Gratis inngang og enkel servering.
Takk til Innlandet fylkesbibliotek for støtte til arrangementet.