Kva er kropp? Barneframsyning

21. april
Anita Vika Langødegård
Dato 21. april
Tidspunkt 12:00
Sted Biblioteket på Bagn

Sundag 21. april kl 12.00 blir det gratis barneframsyning på Sør-Aurdal folkebibliotek!

Kva er ein kropp? Kva kan ein kropp vera?Kva kan ein kropp gjera? Møt dansaren Anita Vika Langødegård i ein leiken halvtime der ho utforskar kroppen i rørsler og dans. Kanskje har du lyst til å bli med å danse litt?

Dette er ei forestilling for familiar, med hovudmålgruppe barn 5-10 år. Det er ei undringsreise i kva kroppen er og kan gjere.
Dansaren snakker også ein del - både undrande, og direkte til publikum. Det er med innspelt musikk, komponert og spelt, av Hilde Fjerdingøy. Vetle Springgard på dramaturgi.

Gratis inngang.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Begnaljom spel- og dansarlag og Sør-Aurdal folkebibliotek.