Fridtun er forfattar og norrønfilolog og ein ihuga lesar av eddadikta. For nokre år sidan la ho merke til at den kvinnelege Håvamål-figuren Billings møy var framstilt litt annleis i norske omsetjingar enn i den norrøne teksta. Var ikkje møya vorten litt penare i dei norske utgåvene? Og litt dummare?
Fridtun tok til å saumfara utgåver på andre språk. Då dukka fleire spørsmål opp. Kvifor er det nesten berre menn som har omsett eddadikt til skandinavisk? Kvifor er Billings møy naken i illustrasjonane? Og kva veit vi eigentleg om henne?
«Klok kvinne eller digg dame?» er ei lita bok om tre store tema: kjønn, omsetjing og norrøn litteratur. I dette føredraget fortel Fridtun om boka og gjev oss smakebitar frå omsetjingane.
Det blir enkel servering.
Gratis og ope for alle.
I samarbeid med Sør-Aurdal dialekt- og mållag.
Arrangementet er ein del av Valdres litteraturfest.