Boktips

Sommarles-tips for born

Sommerles Tips
Omtalt avSolfrid Olmhus
KategoriBarn og ungdom

Sommaren er på veg og med den kjem Sommarles-kampanja! 
Her vil du finne tips til bøker for born å lese i sommar, uansett om du er med på Sommarles eller ikkje.

20751112.Bilde.1683230948.N
Alfabetjakten - Sunniva Relling Berg

I denne billedboka er ein med på jakt etter bokstaver. Den er godt eigna til høgtlesing med sine fine illustrasjonar og morosame gåter. Jakta går ut på å finne den neste bokstaven i alfabetet ved å leite etter ordet som ikkje passer inn på ei side. Det er kvardagslege ord som dei fleste vil kjenne seg igjen i, og så er det ord som quinoa og zeppeliner som kan vere litt mindre kvardagslege. 

31609633.Bilde.1712782365.N
Motor-Tor - Åshild Skadberg

På rim blir me kjent med Motor-Tor som elsker jobben sin med å skru på biler, båter, trikk og alt med motor. Han jobber gjerne heile døgnet, men han har likevel ein hemmeleg draum om å dyrke planter i hagen. Med lang kø utanfor verkstaden er ikkje det enkelt å fil, så Motor-Tor kjem på ein idè. Morosam og sprø billedbok for førskuleborn/småtrinnet. 

32175205.Bilde.1713300707.N
Korpset som tok til høyre i stedet for venstre - Fridtjof Stensæth Josefsen

Ranglebakk skolekorps skal marsjere til Slottsplassen på 17. mai. Borna gleder seg masse til å spele for kongen, men i eit vegkryss tar korpset til høgre og ikkje til venstre. Dei marsjerer verda rundt og illustrasjonane viser oss kvar dei er. Ei herleg, fantasifull og sprelsk billedbok.

22216728.Bilde.1701899428.N
Musse og Helium-serien - Camilla Brinck

Musse og Helium er to små mus som ender opp i Dyreriket, der er dei prins og prinsesse. Dei må gjennom spennande og farlege oppdrag for å sikre Dyreriket mot fiendar og for å finne den magiske Gullosten. I denne serien får du både kunnskap og underhaldning, passer godt for førskoleborn/småtrinnet. Så langt er det kome 7 bøker i serien om Musse og Helium.

22190639.Bilde.1704923559.N
Saga og Storm og kongens fortenestemedalje - Veronika Erstad

Sara drøymer om å få Kongens fortenestemedalje. Ho er eldst av fire søsken om må alltid passe småsøskena, det er slitsamt. Ho og bestevennen Storm får ideen om å trene opp familiehunden til å bli redningshund, slik skal ho få fortenestemedalja. Lillebror Leon må vere med, og då kan jo han bli sendt ut i skogen og bli funne av hunden! Dette er ei bok om å ville bli sett, søskenkjærleik og gode vener. Passar for småtrinnet.

21096142.Bilde.1687294163.N
Blodvenner - Heidi Christine Schømer

Ruby ynskjer seg ein ven, og ein dag dukker det opp ein, ein besteven som berre er Ruby sin, for kusinene Mille og Maria har kvarandre. Ei bok om å ynskje seg ein ven, være ein ven og om å bli uvener. Og ganske mykje om hestar. Passar for småtrinnet. 

22204024.Bilde.1701208183.N
Gunnars rekordbok - Anders Totland

Gunnar har ei bok full av rekordar. Den er hemmeleg. Han skriv om verdas beste kamerat: Sivert, verdast blidaste mann: far til Sivert, den tristaste Gunnar veit om: far til Gunnar, verdas finaste smil: Vilde.Han skriv ikkje om mamma og eit hjarte som berre slutta å slå. Ei bok om sorg og rekordar. Passar for mellomtrinnet.

24063029.Bilde.1706219406.N
Død-og-dalbane - Elin Viktoria Unstad

Her møter me Valkyrie, ho er kalla opp etter ein fornøyelsespark. No har den jubileum og foreldra til Valkyrie jobbar for å få klar den verdenskjente berg-og-dal-bana Ratatosk. Valkyrie vil ikkje teste banen, men gjer det til slutt likevel, og ender opp ved sidan av Bastian, ein merkeleg gut. Så skjønar Valkyrie at dei er fanga i banen. Spennande forteljing som passar for mellomtrinnet.

32081119.Bilde.1713214275.N
Edelmot 2: Nekromanseren - Victor Sotberg

Dette er 2. bok i ein teikneserie/fantasy-serie. Edelmot er eit spel. Victor og Odin spelte på same lag, men Odin dolka Victor i ryggen. No går dei i 9. klasse og møtast på kvar sitt lag, og Victor er blitt frykteleg god i Edelmot. Korleis skal dei vere mot kvarandre no? Passar for mellomtrinnet.

Fleire boktips