Boktips

Født fri

en bok om religion og kjønn
1+Fb8dt+Fri
ForfattarMarta Breen og Sunniva Fluge Hole
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
Kategori Barn og ungdom

På sundag er det 8. mars og den internasjonale kvinnedagen. For dei av oss som er interessert i og har lest feministisk litteratur er Marta Breen eit kjent namn. Denne gongen har ho fått med seg Sunniva Fluge Hole til å illustrere denne kraftfulle boka.

I «Født fri» får me ein introduksjon til religion og korleis det har påverka og framleis påverkar kvinners liv og fridom. Tema boka tar for seg er mellom anna tvangsekteskap, utdanningsforbod, mensen og kledereglar. Ulike religionar blir sat under lupa og det blir tydeleg synt fram korleis det er dei som tolkar dei heilage skriftene som er dei som undertrykker.

Nokre sider i boka er dedikert til kjente kvinnelege aktivistar, blant anna Malala Yousafzai, Shëkufe Tadayoni Heiberg og Masih Alinejad. Nokre av dei får me historia til, mens andre blir nemnt så ein kan lese seg opp på dei sjølv. Dei aller fleste lever i dag og syner korleis dette framleis er eit tema som er aktuelt.

Boka er retta mot unge lesarar. Det er korte og tydelege tekstar og sterke illustrasjonar som gjer boka lettlesen. Eg må trekkje fram illustrasjonane om ære og skam som ekstra kraftfulle.

Er du ute etter ei tydeleg bok om religion og/eller feminisme til deg sjølv eller nokon unge i livet ditt kan denne anbefalast.

Fleire boktips