Ofte brukar han ulike dyr som utgangspunkt for å fortelja ei historie. Og denne boka er ikkje noko unntak. Både tittel og dei første bileta fortel oss at det er storken som er i fokus denne gongen.
Hovudpersonen, som altså er ein liten stork, kjedar seg. Det er sommar, heile familien er på hytta, og han finn ikkje på noko anna enn å henge litt på utedoen, der han får fabulere litt i fred.
På utedoen heng det sjølvsagt fleire gamle bilete og plakatar. På eine veggen ser han eit bilete av ein stork med ein baby i nebbet. Kva i all verda skal det bety?
Vesle stork tek med seg oppslaget og går for å spørje onkelen sin. Han les heile tida, så han veit nesten alt.
Det viser seg at det er eit foto av oldefar hans som leverte babyar til folk. Dette er ein skikk som har gått heilt av moten. No til dags blir babyane lasta ned frå internettet.
Men denne superhelt-åtferda til oldefar har vår vesle ven lyst til å kopiere. Viss han berre kan finne ein baby som er moden og klar til å bli levert?
Fin bok til høgtlesing for barn ca 3-8 år.