Boktips

Hässelby

Bilde+Ha4sselby
ForfattarJohan Harstad
Omtalt avSilje Skogheim, Vang folkebibliotek
Kategori Skjønnlitteratur for vaksne

Ja, eg kom seint til Harstad-festen. Prisbelønt og kritikarrost, mellom anna for «Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?». Men no, etter endeleg å ha lese «Hässelby», vil eg lese ALT.

Hovudkarakteren i Hässelby er, besnærande nok, den vaksne Albert Åberg. Han har eit anstrengt forhold til sin deprimerte åleinepappa, dreg på semivellukka interrail med kompisen Victor, havnar i Paris og finn kjærleiken.

Spesielt Paris-opphaldet er spekka av oppdagertrong og energi, med referansar til kunst, musikk og film. Mellom anna ender Albert sjølv tilfeldigvis opp med å lage ei fotoutstilling av dramatisk iscenesette StarWars stormtrooper-figurar.

Men stadig heimsøker både Sverige, Hässelby og faren han i tankane. Boka hoppar i tid og starten overrumplar kraftig, som eit forvarsel om den uhyggelege stemninga som skal liggje å ulme undervegs.

Etter fleire forvirrande og skumle episodar blir det tydeleg at det er noko som skurrar, anten i Albert sjølv, omgjevnadane hans, eller kanskje begge deler. Mot slutten går anten verda eller mennesket mot full fysisk og mental oppløysing og undergang, litt usikker der, men det kjenner eg at ikkje gjer nokonting.

Fleire boktips