Bagen Sam tek tilhøyrer den amerikanske overklassefrua, Nisha. Når Sam opnar bagen er et ikkje dei svarte, låge, behagelege skoa sine ho finn, men eit par raue designersko med høge helar. Ikkje det Sam treng når ho skal i salsmøte etter trening. Men på trass av nokre komiske situasjonar, viser det seg at skoa gjer susen. Du kan sikkert sjå føre deg kor overraska Nisha blir når ho ser dei, etter hennar meining, heilt grusomme skoa som Sam forventa finne. Dette er innleiinga til det som kan kallast ei intens jakt på dei raue skoa.
Jojo Moyes skriv med humor og snert, det er godt driv i boka. Det er også ein alvorleg undertone om klasseskille, livsendringar og sterke vennskap. Nokre eposidar er til å kjenne att, anten kjenner du att deg sjølv, eller kanskje frå filmar eller seriar. Nokre av personane tek seg litt til rette, nokon tek seg vel mykje til rette, det er fordommar og kaos i skjønn foreining.
Som Straume skriv i si annmeldelse på nrk: Men liker du forviklingsdramaer, ispedd hjertevarme vennskap og rettferdige hevntokt, er det bare å sko seg for nærmere 500 siders fornøyelig forlystelse.
God fornøyelse!