«Den første gangen jeg fant ham død, var på en helt vanlig onsdag».
Denne opninga set ikkje berre tonen for romanen, men uttrykker òg ei djup, vedvarande frykt kring temaet liv-død i forteljinga.
Nettopp det sistnemnde temaet er eit gjennomgåande metaforisk og konkret grep i boka.
Far til hovudpersonen, Mira, er veterinær og har makt til både å dempe smerte og å avslutte liv, ei makt som parallelt speglar faren si rolle i dottera sitt liv.
Mira har ikkje berre sett døde dyr og avlivingar, men òg vore vitne til faren sin kamp mot ei avhengnad som får betydelege konsekvensar. Gjennom Mira sine auge får vi innsyn i kor komplekst eit foreldre-born forhold kan vere når grensene blir uklare.
Kinge formidlar eit blytungt tema på ein modig, nærgåande og likevel leiken og usentimental måte. Med ei tydeleg litterær stemme formidlar ho såre, nyanserte barndomsskildringar og står fram som reflektert og personleg.
Kinge viser at dei vanskelege oppvekstane òg kan romme kjærleik, humor og varme.
Boka er ei vakker historie om barndom og familie. Om dei små augeblikka og dei store alvorlege tinga ein ikkje skjønar som born. Men som likevel er med på å farge tilværet.
At eg sjølv er dotter til ein veterinær gjorde at boka trefte meg litt ekstra. Då les ein ikkje berre om eit far-dotter forhold, men litt av sitt eige liv òg.
For denne historia fekk meg til å tenke litt tilbake på eigen oppvekst med ein pappa som både var omsorgsfull og litt fråverande på same tid.