Boktips

Håkon

Håkon
ForfattarÅsmund H. Eikenes
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Håkon er i 30-åra og prøver å finne ut av livet.

Me kjem raskt inn i historia og relasjonen til Håkon og Arve, og kor destruktiv den er. Arve er manipulativ og valdeleg, både psykisk og fysisk. Håkon held ut, blant anna ved å møte andre, gjennom korte og lengre møter. Arve kastar ting, slår og gret, han angrar alltid, men det blir aldri betre. Håkon veit han må kome seg vekk. Ei episode ute på ein restaurant blir vendinga, då er det andre som ser det og grip inn og Håkon kjem seg undå. Men kor skal han gå no?

Håkon møter Stig den natta, blir med han heim og blir værande. Dei blir sambuarar og Håkon lev seg inn i A4-livet Stig drøymer om. Han klarer likevel ikkje å gløyme Thomas, ein han har chatta med og møtt til og frå over ei periode og som har verdas finaste smil.
Historia til Håkon er dessverre ikkje unik. Både menn og kvinner er i og har vanskeleg for å kome seg ut av valdelege relasjonar. Her kjem me tett på Håkon og korleis han taklar det. Som lesar heier eg på han, men blir oppgitt til tider òg. Det er mykje han gjer som ikkje heng saman med det han tenkjer og føler, han klarer ikkje vere ærleg med seg sjølv eller relasjonane sine. Det er ved å lese slike historier at ein kan få betre forståing for nettopp dette, for livet er jo ikkje så enkelt for mange og det er ikkje alltid lett å vere ærleg med seg sjølv og andre.

Det er ei vanskeleg historie og eg blei dratt raskt inn i den. Relasjonen mellom Håkon og Arve går inn på meg som lesar, og tankane går òg vidare til alle som lev slik i verkelegheita. «Håkon» er for dei som likar verkeleghetsnære og rå historiar.

Fleire boktips