Desse kan du få hjelp av ved Vang folkebibliotek

Marianne Riste (biblioteksjef)
Marianne kom til Vang folkebibliotek oktober 2020 og jobber 100%. Ho tuller og fjasar mykje, men er vaksen og kan oppføre seg deretter når ho må.
Tlf. 481 42 093 / 932 49 63
Epost marianne.riste@vang.kommune.no

Janne Colbjørnsen
Janne har vore i Vang sidan juni 2022. No er ho fast hjå oss i 45%, som akkurat no er tysdagar, onsdagar og tredjekvar laurdag.
Tlf. 61 36 94 26
Epost janne.colbjornsen@vang.kommune.no

Victoria Ose
Victoria har vore engasjert hjå oss sidan hausten 2022. Ho møter du fast kvar tredje laurdag, og av og til elles også.
Victoria er også rektor på kulturskulen i Vang kommune.

Tone Marie Log
Tone møter du på biblioteket når ho stepper inn for nokre av oss som er meir fast inventar. I tillegg lagar ho verdas beste sjokolade og kokkelerer på Tyinkrysset og Sommerhotellet.