Boktips

Ulvevinter

20251205Vang
ForfattarAlexander Slotten
Omtalt avMarianne Riste, Vang folkebibliotek
Kategori Barn og ungdom

Lyst å lese ei bok som er spennande, morosam og alvorleg, som er underhaldande for ungar og vaksne og som kanskje kan vere utgangspunkt for fine samtaler om rett og galt? Då synes eg du skal ta med deg heim Ulvevinter av Alexander Slotten.

Magiske evner må vere knallmoro å ha! Tenk på alt du kan fikse og ordne og gjere lett som ein plett – når du berre får kontroll på magien. Då Alfred var tre år brukte han magi til å sette fyr på håret til onkel Filbert og forvandle tante Yvonne til ei rotte. Og etter å ha gøymt seg ved å gjere seg usynleg, la mora ned forbod mot å bruke dei magiske evnene. Når vi møter Alfred er han skulegut, og diverre klarer han å knuse eit vindauge på skulen. Ved hjelp av magi reparerer han glasruta, i det han gjer det blir han oppdaga. Eg skal ikkje røpe kva som skjer vidare, men det inneber varulvar, fullmåne, andre med magiske evner og Statens trolldomstilsyn.

Alfred er ein gut som du kan få litt vondt av fordi han er einsam og dei andre i klassen ler av han. Læraren er direkte ufin, så heiter han også Herr Schnurrbarrt. Men utan å avsløre noko kan eg nok fortelje at det går bra, og læraren ser vi ikkje så mykje til.

Ulvevinter er ei fin bok til høgtlesing for 6-9 åringar, sjølvsagt kan ungane også lese den sjølv, om dei vil. Historia har både humor og alvor på ulike nivå; noko ser ungane lett, andre ting er meir for vaksne lesarar. Og kanskje reagerer ungar og vaksne ulikt på at Alfred ønsker seg kakao med slimsmak. Boka er på 129 sider, har ikkje mykje tekst på kvar side og er gjennomillustrert med uttrykksfulle illustrasjonar.

Alexander Slotten er utdanna illustratør og dette er hans bokdebut. Han går rett på og lagar ein serie; Magiklubben. Neste bok, Slimmonsteret, kjem i mars 2026. Eg gler meg!

Fleire boktips