Like før beskjeden om amputasjon er Miriam på fest og møter Torjus. Hjartet slår ekstra hardt, både fordi Torjus er veldig kjekk, men òg fordi ho er redd for kva han skal tenkje når han får vite om skada hennar. Ho har fått reaksjonar før som endå gjer vondt å tenkje på og som er grunnen til at ho no er redd for korleis Torjus vil reagere.
Det er sterkt å lese kva Miriam føler og tenkjer i denne situasjonen. Det er noko dei færraste av oss går gjennom og difor er det så bra og viktig at Ingebrigtsen har skrive ei slik bok. Det blir ei ekstra truverdig og sterk historie når ein veit at ho sjølv har vore gjennom ein amputasjon, og difor blir òg dette kalla hennar mest personlege bok så langt i forfattarskapet.
På ein skala frå éin til ti er ein god roman som er skrive til ungdom, men den kan godt lesast av alle. Både fordi det ikkje er mange romanar om dette temaet, men òg fordi Ingebrigtsen skriv så godt og levande at ein blir dratt inn i historia. Her kan ein verkeleg lære om korleis det kan vere å gå gjennom ei slik omvelting i livet.
På ein skal frå éin til ti er Ingebrigtsens tredje bok for ungdom. Bøkene Sinne og Eg blir her er òg verkeleg verd å lese.