Dei korrekte koordinatane er
UTM 32V 481165 6794712
WGS84 61.28615 8.64859
Av svara vi fekk inn var det mange som var i riktig område, vi er imponert! Og enno meir imponert er vi over dei som traff midt i blinken – var de der då Marianne tok bildet??
I tillegg til å bli trekt ut som vinnar, var Jon Anders spot on på markeringa. Derfor tok vi like greit å brukte hans svar som fasitbilde. Pilane på kartet er dei svara som var innafor slingringsmonnet og dermed med på trekninga.
Vinnaren får ein boks med herleg sjokoladekonfekt laga av Sjokoladenoter.
Kanskje lagar vi ei slik konkurranse til hausten også - god sommar!
Her er svara vi fekk inn og som var innanfor slingringsmonnet - bra jobba! Fasitbildet er frå vinnaren, som traff så midt i blinken som det kan gå an

Hint med forklaring

Lik avstand frå Grønebergodden, Gyriklanten og der stigen går opp til Mugnetind frå Slettefjellvegen

Tips for Topo GPS: hald på to punkt så får du gradene du kan stille inn kompasset på. Berre ver sikker på at du legg pila frå plassen du skal til plassen du skal, ikkje omvendt

Ligg det ikkje på strava, har det ikkje skjedd, så her er ein skjermdump av turen. Turen kan absolutt anbefalast!
