Inntil ei ny ordning er på plass:
- viss ikkje lokalt bibliotek har boka du ønsker, men nabobiblioteket har den i si samling og inne på hylla, oppfordrar vi deg til å reise dit og låne der
- alle bøker du har lånt hjå ditt lokale bibliotek, kan du levere der, uavhengig av kven som eig bøkene
- har du lånt bøker hjå andre bibliotek (ikkje via ditt lokale bibliotek), oppfordrar vi deg til å returnere bøkene sjølv. Sidan vi ikkje veit tidsperspektivet på denne unntakstilstanden kan bøkene bli liggande hjå oss til det blir sendt ut purringar/erstatningskrav, dei får ikke vi stoppa.
- studentar bør ta kontakt med sine studiestedsbibliotek om dei treng litteratur
- lånarar kan ikkje sjølv bestille inn bøker frå andre bibliotek via biblioteksøk.no
- lån noko du kanskje ikkje ville lånt elles, som finst i den lokale samlinga
Vi har diverre ikkje noe tidsperspektiv på når dette ordnar seg, men prøvar så godt vi kan å hjelpe til. Spør oss om det er noko du lurer på.
Her finner du det enkelte bibliotek i Valdres sine bokbasar: https://www.valdresbiblioteka.no/
Helsng Valdresbiblioteka