Transportordninga er redda

Publisert: 23. april 2026
Norlog

Boktransporten er redda ved at nor-log tek over etter konkursramma NBT. Frå onsdag 29. april skal transporten vere i gang att. 

Vi er glade for at transporten kjem så raskt i gang att. Vil tru at nor-log treng litt tid til å sette seg inn i og lage rutiner, og kanskje også til å ta att det som har blitt liggande desse vekene. 

Berre i Vang har vi nesten 1700 bøker som blir transportert til og frå biblioteket iløpet av året, det er over 30 bøker kvar veke. Mange bibliotek har mykje meir enn det.