Låne bøker i barnehagen?

Publisert: 13. april 2026
Tøyveskeopning Høre Topp

Alle ungane i Vang fortener å ha enkel tilgang til bøker og alt det fine det fører med seg. Difor har vi Tøyveskebiblioteket Les med meg! i begge barnehagane våre.

Rett før jul i fjor feira tøyveskebiblioteket vårt eitt år. Eit tøyveskebibliotek er eit samarbeid mellom folkebibliotek og barnehage med mål om å stimulere til høgtlesing heime. 

I Høre og Fredheim barnehage har vi til saman hengt opp 30 tøyvesker med bøker, nokre for småbarn og nokre for dei større. I kvar veske er det tre bøker, og foreldra lånar enkelt ved å skrive seg opp på ei liste på veggen. Etter to veker tek dei med veska tilbake og kan låne med seg ei ny.

Om foreldra synes dette kan virke litt vanskeleg, så er det berre å spørje ungane, dei har full kontroll på å låne, ha orden på bøkene heime og levere tilbake etter endt lånetid.

Nokre illustrerande sitat:

- eg har ei syster på småbarn, og sidan det ikkje er tøyvesker til alle kan ho og eg låne eit nett saman

- dersom eg ikkje vil lese ein av bøkene så kan den jo berre bli liggande i posen

- men vi må jo levere bøkene att så nokon andre kan få låne også

Tøyveskebiblioteket har vist seg å være særs populært blant både ungar og føresette, noko vi er svært glade for. I tillegg til å styrke relasjonen mellom barn og vaksen, gir høgtlesing gode opplevingar og utvikler både språk og fantasi. God lesedugleik er sjølvsagt også et supert grunnlag for læring seinare i livet.

Til slutt må vi få understreke at alle ungar og foreldre alltid er hjarteleg velkomne til oss på Vangstunet, sjølv om bøker no også kan hentast på lettvint vis i barnehagen!

Det er Innlandet fylkesbibliotek som har gitt oss tøyveskene, og alt matriell er utvikla hjå Nordland fylkesbibliotek (merk den fine logoen av Stina Langlo Ørdal).

         

 

Kjelder:

https://innlandetfylke.no/tjenester/fylkesbiblioteket/nyheter-fylkesbiblioteket/fylkesbiblioteket-lanserer-startpakke-for-toyveskebibliotek.62382.aspx

https://bibliotekutvikling.no/kompetansebank/topics/hvorfor-er-lesing-viktig/