Sommarles 2025 er i gang!

Publisert: 02. juni 2025
Banner (Nynorsk)

Bli med på sommarens kulaste lesekampanje!

Då kan vi endeleg sparke i gang Sommarles 2025. Sommarles er ei nasjonal lesekampanje der målet er at så mange ungar som råd, frå skulestartarane til 7. trinn, skal lese mest mogeleg i løpet av sommaren. Startskotet gjekk 1. juni, og frå no av kan ungane registrere bøker og antal leste sider inne på sommarles.no, jobbe seg oppover i poeng og level og etterkvart hente ut små premiar på biblioteket. ALL lesing tel, og som lesing reknar vi lese sjølv, bli lest for og høyre lydbok.

For å bli med på Sommarles, lagar de ein brukar til barnet inne på sommarles.no. På nettsida registrerer ungane leste bøker, får lesetips og kan også løyse oppgåver og vinne digitale trofé knytt til årets Sommarlesforteljing. Dei som har brukar frå før, held fram med den same brukaren i år.

Hugs at Sommarles er for alle, både superlesarar, middels gode lesarar og dei som treng hjelp, eller er i ferd med å lære seg å lese 😊

God sommar med Sommarles!