Mai-konkurranse (oppdatert med datoar)
Vi håpar du likar dette bilde like mykje som vi. Det vi lurer på om du veit, eller kan finne ut, er:
Kvar stod Marianne då ho tok bildet førre dagen?
Fjella på bildet er nok kjent for dei som likar fjella i Vang og omegn. Men er du god på kart kan du kanskje finne svaret utan å vere så kjent i fjellheimen.
For å vere med i trekning av ein premie må du seinast torsdag 28. mai kl. 14
anten
- sende oss ein epost/chat med koordinatane eller kartutstnitt der plassering er markert
eller
- kome innom og vise oss på kartet
Ting som kan vere til hjelp:
- bildet er tatt kl. 15:55
- Marianne var oppunder 1200 moh då ho tok bildet
- plassen er ein halv dagstur frå bilveg i Marianne si skigåarform
Klarar du plassere Marianne riktig utifrå bildet og desse hinta? Ja, då er du god og får 4 lodd i trekninga.
Vart det for vrient? Vi legg ut nokre fleire hint
- torsdag 7. mai kl. 10, svar etter det gjev 3 lodd i trekninga
- torsdag 14. mai kl. 10, svar etter det gjev 2 lodd i trekninga
- torsdag 21. mai kl. 10, svar etter det gjev 1 lodd i trekninga
Det blir eit visst slingringsmonn - god tur på kartet!
Maikonkurranse 2026 (oppdatert 6/5)
Publisert: 02. mai 2026
Mai-konkurranse! Vi håpar du likar dette bilde like mykje som vi. Det vi lurer på om du veit, eller kan finne ut, er: Kvar stod Marianne då ho tok bildet førre dagen?