Temakvelden om "Jøden og jorden" blir flytt til VBU

Publisert: 25. mars 2023
Jodenogjorden

Samtala om boka "Jøden og jorden" vil finne stad i foajeen på Vang barne- og ungdomskule på torsdag 30. mars kl. 19.

Det er mange som ønsker å vere med; vi har no 200 personar på lista, og fleire kan vi ikkje vere i foajeen.

Er du
- påmeldt, men kan ikkje kome likevel? Sei ifrå slik at nokon frå ventelista kan ta din plass.
- ikkje påmeldt? Ring eller send epost og be om at vi set deg på ventelista med namn og tlf.nr., så ringer vi deg om du får plass.

Viss du har lånt boka på biblioteket eller Bok i butikk hjå Joker Ryfoss eller Joker Tyinkrysset og eigentleg er ferdig med den? Då er det fint om du leverer den så fort som råd, slik at dei som venter kanskje kan få lese ho før torsdag.

Norli Fagernes kjem på torsdag og har med seg bøker for sal.