Nye hint til mai-konkurransa

Publisert: 07. mai 2026
Maikonkurransepublisher

I dag får du tre nye hint til mai-konkurransa. Klarer du plassere Marianne riktig utifrå dei, får du tre lodd i trekninga!

Nye hint, 7. mai:
- startpunktet for turen har vore eit knutepunkt for turistar sidan 1897 og ligg i Vang
- Marianne stod 800 m frå nærmaste bilveg
- vatnet du ser på bildet er regulert

 

Plasserer du Marianne riktig ved hjelp av dei seks hinta som er lagt ut, får du 3 lodd i trekninga 🥳

 

Hint 2. mai:
- bildet er tatt 29. april kl. 15:55
- Marianne var oppunder 1200 moh då ho tok bildet
- plassen er ein halv dagstur frå farbar bilveg i Marianne si skigåarform

 

For å vere med i trekning av ein premie må du seinast torsdag 28. mai kl. 14
anten
- sende oss ein epost/chat med koordinatane eller kartutstnitt der plassering er markert
eller
- kome innom og vise oss på kartet

 

Det blir eit visst slingringsmonn - god tur på kartet😉

 

-----------------------

 

Dei som klarar å plassere Marianne riktig får lodd fordelt slik:
- hint laurdag 2. mai kl. 10, svar utifrå desse gjev 4 lodd i trekninga
- hint torsdag 7. mai kl. 10, svar utifrå desse gjev 3 lodd i trekninga
- hint torsdag 14. mai kl. 10, svar utifrå desse gjev 2 lodd i trekninga
- hint torsdag 21. mai kl. 10, svar utifrå desse gjev 1 lodd i trekninga