Siste tre hint i mai-konkurransa

Publisert: 28. mai 2026
Maikonkurransesistehint

I dag kl. 14 er siste sjans til å sende oss svar på mai-konkurransa om kvar Marianne stod då ho tok bildet av fjellrekka i slutten av april.

Dette er dei tre siste hinta:
- Marianne stod på nordsida av eit vatn som med litt godvilje kan sjå ut som eit fly på kartet
- grunnen høyrer til stølssameiget som Ingebjørg Riste (fødd Belsheim) var budeie på
- plassen er ganske så like langt frå desse tre punkta:
1. Grønebergodden
2. Der stigen til Mugnetind går opp frå Slettefjellvegen
3. Gyriklanten

 

For å vere med i trekning av ein premie må du seinast torsdag 28. mai kl. 14
anten
- sende oss ein epost/chat med koordinatane eller kartutstnitt der plassering er markert
eller
- kome innom og vise oss på kartet

 

Dei 12 andre hinta er:
- bildet er tatt kl. 15:55
- Marianne var oppunder 1200 moh då ho tok bildet
- plassen er ein halv dagstur frå farbar bilveg i Marianne si skigåarform
- startpunktet for turen har vore eit knutepunkt for turistar sidan 1897 og ligg i Vang
- Marianne stod 800 m frå nærmaste bilveg
- vatnet du ser på bildet er regulert
- Marianne gjekk gjennom eit stølslag som har same namn som eit stølslag i Øystre Slidre
- det går stikka skiløype ikkje langt unna
- nærmaste bilveg er stengt med bom
- Marianne hadde eit vatn rett bak seg
- ho var utpå tre islagte vatn på tur til fotopunktet
- ho kunne stilt inn kompasset på ca. 343° for å gå beint til den pyramideforma tinden litt til høgre for midten

 

Lykke til!
Maikonkurransepublisher