Vi håpar du likar dette bilde like mykje som vi. Det vi lurer på om du veit, eller kan finne ut, er:
Kvar stod Marianne då ho tok bildet?
Fjella på bildet er nok kjent for dei som likar fjella i Vang og omegn. Men er du god på kart
kan du kanskje finne svaret utan å vere så kjent i fjellheimen.
For å vere med i trekning av ein premie må du seinast torsdag 28. mai kl. 14
anten
- sende oss ein epost/chat med koordinatane eller kartutstnitt der plassering er markert
eller
- kome innom og vise oss på kartet
Hint 2. mai, ga 4 lodd i trekninga
- bildet er tatt 29. april kl. 15:55
- Marianne var oppunder 1200 moh då ho tok bildet
- plassen er ein halv dagstur frå farbar bilveg i Marianne si skigåarform
Hint 7. mai, ga 3 lodd i trekninga
- startpunktet for turen har vore eit knutepunkt for turistar sidan 1897 og ligg i Vang
- Marianne stod 800 m frå nærmaste bilveg
- vatnet du ser på bildet er regulert
Hint, 14. mai, ga 2 lodd i trekninga
- Marianne gjekk gjennom eit stølslag som har same namn som eit stølslag i Øystre Slidre
- det går stikka skiløype ikkje langt unna
- nærmaste bilveg er stengt med bom
Hint 21. mai. Gjev 1 lodd i trekninga
- Marianne hadde eit vatn rett bak seg
- ho var utpå tre islagte vatn på tur til fotopunktet
- ho kunne stilt inn kompasset på ca. 343° for å gå beint til den pyramideforma tinden litt til høgre for midten på bildet
Det blir eit visst slingringsmonn - god tur på kartet😉